Foto

Foto frå Holmely

Naturen ved Holmely er som skapt for ein retreatplass: På ein holme med utsikt mot fjord og fjell, med lyden av bølgjer når vinden bles mot land, samtidig som huset ligg i ly mot dei verste stormane. Vi er ikkje så mange mil unna stormfulle Stadt ... Men på Holmely er det ly. Fuglar søkjer også ly og næring her, du kan sjå dei dukke ned i sjøen rett ved, eller kanskje ser ein ørna som seglar i lufta. Næraste turområde er Søholmen like ved (kommunalt friluftsområde). Her finn ein bortgøymde stadar i berga, eller endå betre utsikt på den vesle toppen. Mange har funne roa der ute, eller kanskje har ein gått dit i regn og kuling og har fått aust ut smerter i livet eller andre ting. I møte med naturen kan ein få tid til å reflektere, og kjenne at ein lever. Naturen gjer noko med oss...

Bli med på ein rundtur på bileta!     
                                                             Foto: Ingebjørg Isane Fure (om ikkje anna er oppgitt)



Eit lite epletre i strandkanten ned for Holmely.
  
    Holmely sett frå sjøen.


Ein vårkveld i stillhet. I Salme 23 står det om "vatn der eg finne kvile".
Kanskje finn ein kvile ved fjorden ved Holmely.

Rikt fugleliv ved Holmely.


Frå Søholmen, med utsikt innover.

Mange knausar og berg å gå over, eller sette seg ned på og nyte naturen.

Vårgleder. 

På toppen av Søholmen er det god utsikt både innover og utover Nordfjorden.
  
  I sommarhalvåret går det ofte turistskip forbi.
Nordfjord er destinasjon for folk frå heile verda.


Gudsteneste på Søholmen under Keltisk retreat, som brukar å vere i juni-juli.
Foto: Brit Lundby Hilde. 


    Kveldssol på Søholmen.

Det kjende fjellet Hornelen stikk så vidt opp til venstre.

Utsikta utover frå Søholmen.


Sommaridyll.


Tilbake ved Holmely; utsikta frå terrassen. 

Frå berget rett nedfor huset.


Morgonstund.


Blomsterbedda ved Holmely gir også gleder.


Morgonstemning mot aust.


Kveldsstemning.


 Vinterbading ved Holmely - for dei tøffaste.

Eit lite glimt av fredfull natur. 

Velkomen inn også!
Daglegstova med den flotte utsikta.

Sommarfest for frivillige og andre Holmely-interesserte.


Frå loftstova.


I kapellet.